eileenogmarita » New York » New York - siste destinasjon

New York - siste destinasjon

Den siste veka vår i New York har våre fantastisk. Me har sett på kjente turistattraksjonar som Ground Zero, Rockefeller Center, Central Park og køyrt helikopter over heile Manhattan. Men hovudmålet vårt for New York var likevel shopping, sidan me har våre so flinke å haldt oss i selen heile turen, kunne me endelig fylle opp dei nyinnkjøpte koffertane våre, og det klarte me med glans.

Den fyste dagen starta me med stress. Me hadde booka helikoptertur gjennom Kilroy og det sto i papira våre at me måtte ringa MINST 24 timar før. Helikopterturen vår var dagen etterpå kl 12.00. Me fekk ikkje til å ringe nr frå telefonane våre, og me fekk heller ikkje til frå telefonkiosken. Dei i resepsjonen var ikkje so hjelpsomme og ville ikkje låne oss telefonen fordi dei ville ikkje oppholde linja?. So då starta kappløpet med tiden. Me hadde 2 timar på oss til å komme oss til der turen skulle gå fra for å sei ifra at me skulle vere med dagen etterpå. Takka vere at me har brukt undergrunnstransport i alle landa me har besøkt var det ikkje vanskelig å sette seg inn i dette systemet heller, og me kom fram til helikoptersenteret uten ein einaste bomtur. Der vart me møtt av verdens snillaste mann som lurte på om me ikkje hadde lyst å fly allerede? Selfølgelig takka me ja til det og etter ca 1 time var me oppe i lufta. Turen på 15 min var akkurat perfekt. Piloten gav oss informasjon om forskjellige bygg og attraksjonar og me fekk sett hovudattraksjonen, frihetsgudinna! Me hadde planar om å sjå fleire turistattraksjonar denne dagen, men vart litt distraherte av shoppingen.. oops!







Dag 2 var planen å sjå Ground Zero. Det tok seg visst litt tid å komma seg dit då me igjen vart distraherte av litt shopping. Me måtte også vente ei stund i kø for å komme inn. Det var veldig spesielt å sjå Ground Zero. Det var kjempefint tillaga og me var der inne lenge og berre såg på alt. Minnefilmen som dei viste på visitorcenteret etterpå var veldig gripandes. Etterpå tok me oss ein liten sightseeingtur til Meatpacking District, der me vandra rundt mellom dei koslige husa og gjekk i parken langs elva. Det tok ikkje lang tid før svolten tok oss og me satte kursen tilbake mot vår faste middagsrestaurant. Tippa dikka ikkje gjetta kor me pleier å ete middag? Selfølgelig Taco Bell. Etter middag gjekk me til Times Square. Ein ting er å sjå desse store blinkande reklametavlene på bilde, men det er ein heilt anna ting å sjå det i verkelegheita .Ein kan ikkje gjere ant enn å gå å stirre på dei og bli heilt facinerte.


Bygging av det nye tårnet!



Meatpacking District!

Times Square

Neste dag var det duka for Gossip Girl tour. Det var ein busstur der dei køyrte oss rundt til forskjellige Gossip Girl locations, der dei også viste oss filmklipp inne i bilen frå scener som var innspelt på dei forskjellige plassane. Me fekk også stoppe å gå ut på f.eks the Met Steps og Dylan's Candy Bar som er den sjukaste godteributikken ever! Etter turen hadde me bestemt oss for å gå gjennom heile Central Park. Det var fantastisk fint vær og god temperatur. Det var mykje artigt å sjå på og masse ekorn. Midt i parken "naut" me nista vår som består av brødskiver og syltetøy(ja, her prioritera me pengane på shopping!). Etter Central Park var målet å komme seg til Rockefeller. Me hadde booka billettar på forhånd for å sleppe kø. Eg hadde misforstått(?) og me måtte tydlegvis ha utskrift av voucheren, det var ikkje godt nok å ha den på mail.  Etter me hadde fått dei til å skrive den ut for oss fekk me beskjed om at dette var ikkje ein god nok voucher og det var eit anna dokument dei skulle ha. Me hadde ikkje noko anna dokument so me byrja slitne og skuffa på vegen tilbake på hostellet vårt istadenfor. Eg sendte ein mail til billettselskapet, og då fekk eg berre den samme vouchermailen tilbake..

Slitne føtter!!


Gossip girl scener i bussen!





Central Park





Lørdagen sto Brooklyn for tur. Me kom oss fram til Brooklyn Flea Market. Me kom dessverre ikkje derifrå med noko innkjøp. So mykje arbeid med å komme seg til ein plass for ingenting.. hehe. Men Brooklyn var kjempekoslig og det var godt å komme seg litt vekk frå skyskraparane på Manhattan. Me fann eit shoppingsenter her og kom visst begge to utatt med Victoria Secret posar.. oops! Etter eit par timar i Brooklyn bestemte me oss for å prøve oss på Rockefeller igjen. Det var det einaste arket me hadde, so da måtte jo det vere voucheren. No fekk me tak i billettane våre uten problem. Dei beklagde seg med att dei hadde gjort ein feil dagen før. Me fekk gå rett opp med ein gong utan å vente. Det var artigt å stå på toppen. Det var heilt sinnsjukt høgt ned og utsikten var heilt fantastisk. Det var sol og fint vær so me kunne sjå alle New Yorkerane som kosa seg i Central Park. Etter Rockefeller vart middagen faktisk Pizza.. me begynnar å gå lei TacoBellen no.

Brooklyn Flea Market!



Utsikten frå Rockefeller!




Søndag og mandag var reine shoppingdagar, og den tanken var me ikkje åleine om å ha tenkt. Det krydde av folk overalt. Me fekk heldigvis handla med oss ein god del gåver til folk heime :) Tirsdagen vart brukt til stress. Me stressa oss av gårde til postkontoret før me tok oss ein svipptur gjennom Little Italy og Chinatown(me er egentlig lei av Kina, men var no greitt å berre ha med seg.) Hadde me reist til Little Italy før i veka, hadde me definitivt komt tilbake dit for å ete ein kveld, kosligare plass skal ein leite lenge etter. Siste stopp var selfølgelig Carrie i Sex and the City sitt hus. Her tok me bilder før me sprang av gårde til Magnolia Bakeri for å ete cupcakes. Denne plassen er også med i serien. Etter ein lang dusj reiste me ut for å ete ein bedre middag på Friday?s. Målet for kvelden var å sjå Lion King på Broadway. Dette er noko av det mest fantastiske me har sett, og me satt med frysningar frå byrjing til slutt. Musikalen kan anbefalast på det varmaste

Kvelden/natti og morgonen har blitt brukt til blogging og pakking. Me føler oss heilt løgne og rastlause begge to og kan faktisk ikkje tru at om mindre enn 24 timar er me heime!

Little Italy


Fiskebod i Chinatown der dei ansatte sto og åt og flugene surra rundt fiskane. Ville du kjøpt fisk her?


Uttafor inngangen til Carrie




Slitne å trøtte på veg til flyplassen


Snakk om iskald berekning på "shoppingkofferten" når grensa var 23 kg!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Eileen og Marita

Eileen og Marita

19, Lærdal

Me er to jenter på 19 år som skal reise jorda rundt! Me skal reise i 3 månadar. Reisa startar 2. februar og me landar på norsk jord igjen 2.mai. Plassane me skal besøke er Kina, Thailand, Australia, Hawaii, San Fransisco og New York. Me gledar oss heilt sinnsjukt og håpar du vil følge oss på denne reisa! :) Følg oss gjerne på instagram @maritavindedal og @eileendale !

Kategorier

Arkiv

hits