New York - siste destinasjon

Den siste veka vår i New York har våre fantastisk. Me har sett på kjente turistattraksjonar som Ground Zero, Rockefeller Center, Central Park og køyrt helikopter over heile Manhattan. Men hovudmålet vårt for New York var likevel shopping, sidan me har våre so flinke å haldt oss i selen heile turen, kunne me endelig fylle opp dei nyinnkjøpte koffertane våre, og det klarte me med glans.

Den fyste dagen starta me med stress. Me hadde booka helikoptertur gjennom Kilroy og det sto i papira våre at me måtte ringa MINST 24 timar før. Helikopterturen vår var dagen etterpå kl 12.00. Me fekk ikkje til å ringe nr frå telefonane våre, og me fekk heller ikkje til frå telefonkiosken. Dei i resepsjonen var ikkje so hjelpsomme og ville ikkje låne oss telefonen fordi dei ville ikkje oppholde linja?. So då starta kappløpet med tiden. Me hadde 2 timar på oss til å komme oss til der turen skulle gå fra for å sei ifra at me skulle vere med dagen etterpå. Takka vere at me har brukt undergrunnstransport i alle landa me har besøkt var det ikkje vanskelig å sette seg inn i dette systemet heller, og me kom fram til helikoptersenteret uten ein einaste bomtur. Der vart me møtt av verdens snillaste mann som lurte på om me ikkje hadde lyst å fly allerede? Selfølgelig takka me ja til det og etter ca 1 time var me oppe i lufta. Turen på 15 min var akkurat perfekt. Piloten gav oss informasjon om forskjellige bygg og attraksjonar og me fekk sett hovudattraksjonen, frihetsgudinna! Me hadde planar om å sjå fleire turistattraksjonar denne dagen, men vart litt distraherte av shoppingen.. oops!







Dag 2 var planen å sjå Ground Zero. Det tok seg visst litt tid å komma seg dit då me igjen vart distraherte av litt shopping. Me måtte også vente ei stund i kø for å komme inn. Det var veldig spesielt å sjå Ground Zero. Det var kjempefint tillaga og me var der inne lenge og berre såg på alt. Minnefilmen som dei viste på visitorcenteret etterpå var veldig gripandes. Etterpå tok me oss ein liten sightseeingtur til Meatpacking District, der me vandra rundt mellom dei koslige husa og gjekk i parken langs elva. Det tok ikkje lang tid før svolten tok oss og me satte kursen tilbake mot vår faste middagsrestaurant. Tippa dikka ikkje gjetta kor me pleier å ete middag? Selfølgelig Taco Bell. Etter middag gjekk me til Times Square. Ein ting er å sjå desse store blinkande reklametavlene på bilde, men det er ein heilt anna ting å sjå det i verkelegheita .Ein kan ikkje gjere ant enn å gå å stirre på dei og bli heilt facinerte.


Bygging av det nye tårnet!



Meatpacking District!

Times Square

Neste dag var det duka for Gossip Girl tour. Det var ein busstur der dei køyrte oss rundt til forskjellige Gossip Girl locations, der dei også viste oss filmklipp inne i bilen frå scener som var innspelt på dei forskjellige plassane. Me fekk også stoppe å gå ut på f.eks the Met Steps og Dylan's Candy Bar som er den sjukaste godteributikken ever! Etter turen hadde me bestemt oss for å gå gjennom heile Central Park. Det var fantastisk fint vær og god temperatur. Det var mykje artigt å sjå på og masse ekorn. Midt i parken "naut" me nista vår som består av brødskiver og syltetøy(ja, her prioritera me pengane på shopping!). Etter Central Park var målet å komme seg til Rockefeller. Me hadde booka billettar på forhånd for å sleppe kø. Eg hadde misforstått(?) og me måtte tydlegvis ha utskrift av voucheren, det var ikkje godt nok å ha den på mail.  Etter me hadde fått dei til å skrive den ut for oss fekk me beskjed om at dette var ikkje ein god nok voucher og det var eit anna dokument dei skulle ha. Me hadde ikkje noko anna dokument so me byrja slitne og skuffa på vegen tilbake på hostellet vårt istadenfor. Eg sendte ein mail til billettselskapet, og då fekk eg berre den samme vouchermailen tilbake..

Slitne føtter!!


Gossip girl scener i bussen!





Central Park





Lørdagen sto Brooklyn for tur. Me kom oss fram til Brooklyn Flea Market. Me kom dessverre ikkje derifrå med noko innkjøp. So mykje arbeid med å komme seg til ein plass for ingenting.. hehe. Men Brooklyn var kjempekoslig og det var godt å komme seg litt vekk frå skyskraparane på Manhattan. Me fann eit shoppingsenter her og kom visst begge to utatt med Victoria Secret posar.. oops! Etter eit par timar i Brooklyn bestemte me oss for å prøve oss på Rockefeller igjen. Det var det einaste arket me hadde, so da måtte jo det vere voucheren. No fekk me tak i billettane våre uten problem. Dei beklagde seg med att dei hadde gjort ein feil dagen før. Me fekk gå rett opp med ein gong utan å vente. Det var artigt å stå på toppen. Det var heilt sinnsjukt høgt ned og utsikten var heilt fantastisk. Det var sol og fint vær so me kunne sjå alle New Yorkerane som kosa seg i Central Park. Etter Rockefeller vart middagen faktisk Pizza.. me begynnar å gå lei TacoBellen no.

Brooklyn Flea Market!



Utsikten frå Rockefeller!




Søndag og mandag var reine shoppingdagar, og den tanken var me ikkje åleine om å ha tenkt. Det krydde av folk overalt. Me fekk heldigvis handla med oss ein god del gåver til folk heime :) Tirsdagen vart brukt til stress. Me stressa oss av gårde til postkontoret før me tok oss ein svipptur gjennom Little Italy og Chinatown(me er egentlig lei av Kina, men var no greitt å berre ha med seg.) Hadde me reist til Little Italy før i veka, hadde me definitivt komt tilbake dit for å ete ein kveld, kosligare plass skal ein leite lenge etter. Siste stopp var selfølgelig Carrie i Sex and the City sitt hus. Her tok me bilder før me sprang av gårde til Magnolia Bakeri for å ete cupcakes. Denne plassen er også med i serien. Etter ein lang dusj reiste me ut for å ete ein bedre middag på Friday?s. Målet for kvelden var å sjå Lion King på Broadway. Dette er noko av det mest fantastiske me har sett, og me satt med frysningar frå byrjing til slutt. Musikalen kan anbefalast på det varmaste

Kvelden/natti og morgonen har blitt brukt til blogging og pakking. Me føler oss heilt løgne og rastlause begge to og kan faktisk ikkje tru at om mindre enn 24 timar er me heime!

Little Italy


Fiskebod i Chinatown der dei ansatte sto og åt og flugene surra rundt fiskane. Ville du kjøpt fisk her?


Uttafor inngangen til Carrie




Slitne å trøtte på veg til flyplassen


Snakk om iskald berekning på "shoppingkofferten" når grensa var 23 kg!

San Francisco - Minne for livet

Me var reist frå fine hotelle på Hawaii og var meget klare for ein ny plass. San Francisco var neste ut. Me var heldige som blei henta på flyplassen av 3meningen til Eileen, Bianca som det var alt for mange år sidan sist eg hadde sett. Veldig godt å sleppe å leite etter transport til eit hostell eller liknande. Me skulle for første gong på 2 ½ månad bu i eit HUS, med familie. Detta hadde me sett fram til ei god stund. Spesielt etter all sjukdom på Hawaii. I bilen hadde Bianca med skiver med NUTELLA til oss, ikkje minst GODT brød! Ikkje kvardagskost. Ho tok oss med til skulen hennar der tok oss ein kaffe å catcha up, på norsk! Å jada, denne amerikanaren er og blitt norsk statsborgar og pratar kjempe godt norsk! Etterpå køyrde ho oss på eit senter før ho måtte reise av gårde tilbake til skulen. Me sto utafor å bokstaveleg venta på at butikkane skulle åpnast. Etter eit par timar kom både Britt og Bianca for å hente oss. Britt er mammen til Bianca og søskenbarnet til mamma Åse. Me køyrde rett til andre sida av brua, til Novato og heimen til Tisellfamilien. Dette var andre boller enn alle hostell og campingplassar me har budd på.  Me var ikkje der lange stunda før eg, Marita og Bianca reiste til byen igjen. Roadtrip- gutane var nemleg å treffe der! Ganske tilfeldig å møtast to plassar på turen, på to forskjellige kontinent UTAN å ha planlagt det. Det vart litt trakking i byen før eg, Marita, Bianca, Torgeir, Runar og Mats reiste på The CheeseCake Factory  og åt middag. Halve gjengen bestilte seg verdens største kakestykke til dessert. Marita snakka enda om den kaka(Red Velvet Cake). Gode og alt for mette reiste me der ifrå. Litt meir glaning i butikkar før me måtte sei hade for andre gong på turen. Like trist kvar gong. Neste gang me ser dei er me alle heime i Sogn. Jentene satt seg i rånebilen til Bianca igjen og reiste heim igjen til Novato.

Fyste møte med Golden Gate brua!


Flokken <3


Godt me kaka, mann!

Etter ei god natt søvn i turens desidert beste seng tok Bianca oss med på ein gåtur i skogen. Veldig fin tur med nydeleg vær! Så måtte ho reiste inn i byen på skulen. Da tok Britt over "barnevakten" og viste oss meir av deirast del av byen, Novato. Mens me køyrde langs highway 101 låg vingårdane tett i tett, så første stopp vart naturlegvis på ein vingård. Det er noko som har låge på to-do liste vår. Kjempe idyllisk plass. Det vart dessverre ingen vinsmaking på oss sidan det er 21 årsgrense i USA. Britt tok oss med videre inn til nabokommunen Sonoma. Her åt me ein god lunsj på ein koseleg kafe før me reiste heim igjen, me skulle nemleg i bursdag! Eine venninda/nabo til Britt fylte år, og det fekk me vera ein del av. Me kom til eit stort, typisk "amerikansk film" hus, med masse småmat og kake. Joanna, so ho heitte og mannen Dave hadde to søte små jente på 9 og 6 som me fekk spørsmål om å passa laurdagen. Etter ei kjekke tid her sa me goodbye å reiste heim igjen.


Marita hadde akkurat spørt Bianca om det fans slangar i området. Ho rakk egentlig ikkje sei nåke før alle sette i eit skrik når me såg detta synet. Det er ingen slange, men ei nøkkelsnor.




Huset til familien Tisell.


Vingården


Hadde me berre våre 21...



Eileen var so heldig å få kose med hamsteren. Jentene gav han til ho og glømte at ho hadde han.




I dag var det på tide å vere litt turista igjen. Bianca, som skulle på skulen, køyrde oss til Pier 33 der ferja til fengelsøya Alcatras gjekk. Me springing fra Pier 39 til 33 rakk me akkurat ferja. Litt flaks må jo me og ha. Frå ferja fekk me flotte bilder av det me trudde var San Francisco brua. Det viste seg at den var på andre sida. Ja, me var fortsatt turista. Når me kom på øya såg me først ein dokumentarfilm frå den tida fengselet vart brukt. Me bestemte oss for å ta Audio turen og fekk utdelt kvar våre øyreklokker med historie om det me såg. Etter eit par tima på øya reiste me tilbake til Pier 39, surra litt rundt der, såg på dei tusen selane som låg å solte seg og åt nydleg lunsj på The Rainforest Cafe! Me satt bokstavelegtalt i regnskogen med elefantar, gorilla, småkryp og denne gong ein FALSK tiger. Alt laga lyd og bevegelsar kvart 10. Minutt og kvar halvtime var det tordenvær. Føltes oss litt som Wilma og Fred Flintstone. Gode og mette vinka me farvel til dyra og satte kursen mot Lombard Street, eller "svingebakken". For å komme oss dit så måtte me opp, litt til opp og enda meir opp.  Då me såg ein haug med kinesara, midt i vegen, forsto me at me var framme. Bakkane er  heilt sjuke! Ein kjapp tur gjennom Chinatown vart det òg utruleg nok. Så byrja det evige kappløpet med å finne Bianca. Midt i byen. I San Francisco. Me skulle møtast med butikken Forever 21, så me fant ut det var to av. Med ei gate i mellom. Men me kom oss i bilen, og reiste igjen over brua og "heim" til Novato. Der venta den beste middagen me har fått servert på mange månadar, som Britt og Rolf hadde laga. Tenkjer på den middagen her me sitt me brødskiva med syltetøy.  Det vart fort senga etterpå.

Katt 1/2

Slitne etter å ha sprunge til ferja.


Feil bru....


Alcatraz!




Her ser ein virkelig kor bratte bakkane i SF er. Ser og litt ut som om husa ligg oppå kårandre.

Selane kosa seg på Pier 39


Rainforest Cafe. Me åt lunch saman med fiskar og ville dyr.



Me hadde aldri tårt å parkert her.


Lombard Street.

Bianca skulle jobbe litt denne morgoen, så da bestemte eg og Marita oss for å gå over San Francisco brua! Bianca køyrde oss til eine enden, og 40 min etterpå var me på andre sida og kunne kryssa av ein ting til på "to-do" lista. Det var ein nydeleg dag med steikande sol! Ein liten tur innom suvenir butikken før me gjekk over igjen. Når Bianca kom å henta oss reiste me ned i sentrum av Novato, såg i butikkar, åt lunsj og ein etterlengta is! Backpackarane hadde sin grunn for å synda litt i dag. For me kjøpte oss kvar vår (store) koffert i dag, ups. So synd, no hadde me plutseleg shopping-plass. På kvelden tok Britt, Rolf og Bianca oss med ut på ein mexicansk restaurant, Chevy's. Alle veit tydlegvis kor hekta me er på taco, hehe. Det var heilt nydleg mat og ein koseleg slutt på dagen.

Liten vs Stor





Ooops, ikkje backpackera lenger..


Dei solgte reptilar (ja, slanger og øgler osv) på dyrebutikken1!!


I dag var endeleg dagen komen. I dag skulle me bli sminka av ein flink sminkør, venninda til Britt og ha skikkelig fotoshoot med Rolf, som òg er fotograf. Før sminkøren, Melanie, kom rakk me jentene ein køyretur rundt i sentrum og mellom butikkar. Lunsjen vart "Jack In The Box" som Bianca anbefalte. Ja, det var taco, veldig god taco for berre 1 dollar! Så reiste me heim igjen og "bli ny" dagen kunne starte. Mens me satt og blei sminka, laga Britt til ein garderobe med kjolar me kunne velge og vrake i, og Rolf gjekk rundt å tok bilder. Me vart begge veldig fornøgd med sminken. Så starta fotoshooten. Kjempekjekt! Nokre bilder ser ut som det er tatt rett ut fra "Desperate Housewives" eller "Frustrerte Fruer" på norsk. Ein utruleg kjekk og morsom opplevelse! Britt og Bianca var bedd til venninda til Bianca og mora hennar, der fleire damer skulle komme å sjå på ei dame som skulle selge kle frå ein kleskollisjon. Me var vertfall pynta å klare for å bli med. Mykje fint hadde ho å vise fram, men det vart ikkje mykje kjøp på oss. Når me kom heim laga Britt den beste macaroni and cheese gryta. Fy so godt da var!

Tøffe bilen til Bianca!



Coming up on the next episode of Desperate Housewives....


Det vart tydlevis litt for mykje vin for vetle Marita i går. Ho våkna med migrene og var på nære nippe til å bli i senga. Men heldigvis hjalp eit par tablettar og litt kvile, så var ho fit for fight! I dag tok Bianca og Rolf oss med i cabrioleten (ja bil uten tak!!!!) å krusa rundt på vegane. Me køyrde til forskjellige utsiktspunkt der me fekk ta flotte bilder av brua frå alle vinklar, ned til stranda med vatn kaldare enn i Norge, mellom koselege gater og siste stopp vart på "In'n Out" der me fekk oss ein real burgar! Det vart ein kjapp tur heimom før me reiste med Bianca's minst like tøffe bil, til Joanna og var barnevakt for dei to søte jentene deiras. Det var ein roleg kveld, med mykje disney channel og gooood pizza. Me var sunken godt ned i sofaen då dei kom heim å me kunne heim å legge oss. zzzZZZzzZ... 

Migrenejenta


Luftigt!


"Turarret", ein ser ikkje Marita(t.v) sitt so godt, men det er der! Legg og merke til matchanda sko og neglelakk.


Rett bru!




Rolf sin baby


Katt 2/2


Slapp gjeng 1/2


Slapp gjeng 2/2

I dag reiste alle 4 damene på handling. Dei hadde enda fleire senter å vise oss. Etter ei stund reiste Bianca på gitarøving og Britt køyrde oss til eit anna senter, der me handla inn til ein etterlangta laksemiddag (for Eileen sin del.) Når me kom heim viste Rolf oss film av Bianca synge, for det hadde eg aldri høyrt før. Vart heilt sjokka, fy søren kor flink du er Bianca!!! Litt Wii-speling før me satte oss til bords. Laksemiddagen var bedre enn alle forventningar, og ikkje minst fekk me Red Velvet Cake til dessert (Til Marita sin store begeistring).

Siste dag i San Francisco vart brukt inni byen igjen. Britt køyrde oss til kaien, der me kom ferja over. Eit par ærend hadde me før me var klare for New York! Nåke av det første me gjorde var å køyre CableCar. San Francico er jo den einaste plassen i verden du kan gjere det. Me handa på hjerte kan eg sei det var bedre å køyrde cablecar enn å gå dei bakkane. Så ville me finne "Full House"-huset, som var ein serie som gjekk mykje av på 90-talet. Å jammen fant me det og! Mannen som faktisk budde der, såg litt skeptisk ut der me står å tar bileter av huset hans. Jaja, turistar att i dag. Lunsjen vart utruleg nok på TacoBell, før me satte kursen mot "Painted Ladies".  Siste tingen på agendaen var å finne gaver til det flotte vertskapet! Litt blomster og sjokolade fall i smak. Ettersom me hadde merka av på kartet, vart det litt lettare å finne Bianca i dag. Når me kom heim var det fult hus og stormande jubel! Halve slekta til Bianca, på Rolf si sida var der. Mange av dei hugsa viss meg frå ein gong dei hadde vore i Flåm. Eller rettare sagt, dei hugsa toradaren. Kjekke folk, og god mat og ein fin avsluttning på veka vår i fantastiske San Francisco! Det vart tidleg kveld, så me fekk eit par timar søvn. Ikkje tidligare enn 0315 måtte me opp igjen. Det var trist å sei hadet til Bianca før me satte oss i bilen og Britt køyrde oss til flyplassen. Eit trist hadet vart det der og, før me atter ei gong satt på ein flyplass. Denne gong satte me kursen mot New York med dei nye kofferane våre!


"Full House" house!


Painted ladies.




Me har opp til fleire gonger fått høyra på turen at me er like. Enkelte spør ikkje eingang, og tar oss for å vere søstre. Syns de me lignar??? Her er me forresten på det verdenskjente Cable Car.

Eileen prøve å ta bilde av begge mens me står på ein Cable Car. Vellykka.


Kjøpt gaver dao

Me vil takke Britt, Rolf og Bianca for eit fantastisk opphold hos dei. Etter 2,5 månadar med hostelliv var det akkurat det me trengte å komme til ein familie. Me fekk ta del i det amerikanske dagleglivet og fekk sjå San Fransisco på ein heilt anna måte enn viss me hadde budd på hostell! Me reiste derifrå med masse gode minner. Fyste natta i New York, låg me berre å lengta tilbake!

Frå øyhopping til sjukehushopping

Hawaiituren vår var inndelt i 3 deler. Me skulle fyst tilbringe ca 1 veke på øya Oahu, før me vidare skulle setje kursen mot Maui, og til slutt returnere til Oahu for ei natt på luksushotell.

Etter 5 fantastiske dagar i Waikiki, var me no (ikkje) klare for Maui. Allerede på flyplassen skar ting seg. Eileen hadde forferdelige smerter i øyrene. Me viste veldig lite om Maui, so i samarbeid med flypersonell fann me ut at me skulle få sjekka ut smertene før me sette oss i eit fly. Me fekk utsatt flybillettane våre og hoppa i taxi til næraste sjukehus. So begynte problemet. Me fekk ikkje tak i forsikringsselskapet med eit norsk tlf nr og me fekk heller ikkje tak i forsikringsselskapet via ein telefonkiosk, so då vart me litt stressa. Heldigvis kunne dette løyse seg ved å legge ut for legebesøket sjølv og sende kvitteringane til forsikringsselskapet seinare.

Etter litt venting fekk Eileen komme inn. Legen såg fyst i det øyra som Eileen meinte var "friskt" og utbrut: woow, that looks infected! So da var det ikkje akkurat bedre i andre øyra. So med antibiotikadråpar og smertestillande med varseltrekant sette me kursen mot flyplassen igjen. Flyet vårt hadde allerede gått, men me fekk standby plassar til neste fly, og me fekk heldigvis komme med det flyet(Tusen takk, Hawaiian Airlines, for fantastisk service!). Flyturen var berre nett opp og nedatt og tok ca 30 min. Då me kom fram, orka me ikkje å kave med noko kollektivtransport, so me hoppa rett i næraste taxi og kom fram til hostellet vårt. Det viste seg at det låg langt oppi ein dal, der ein måtte ta buss eller taxi til nermate strand.

So starta eit hostellopphold på Maui med antibiotika og smertestillande. Me fekk ikkje gjort stort mykje denne veka. Eileen låg berre å sov pga sterke smertestillande, og Marita låg i hagen å sola seg. Det neraste me kom ei utflukt, var og besøke legekontoret i Maui, for etter eit par dagar med øyredråpar var plutseleg eine øyra heilt tett og dråpane rann ikkje inn, og hørselen hennar var verre enn ei gammal dame utan høyreapparat. Hos legen fekk ho rensa øyrene og satt inn ein svamp som skulle få dropane til å komme forbi hevelsen i øyret. Heldigvis virka denne svampen og formen var stigande. Dette var ei tung og slitsom veke med mykje usikkerhet, smerte og heimlengsel for oss begge. Her hadde me bytta forhold frå reisepartnerar til mor og datter, der eg(marita) handla inn mat, passa på at ho åt nok, draup øyrer, sjekka feber osv, men samtidig var det veldig lærerikt for begge.

Etter ein siste legesjekk og fjerning av svamp, kom gladnyheiten om at ho kunne slutte på dei sterkaste smertestillande.  Ein gladnyheit for begge for då slapp Eileen og sove, og Marita fekk endeleg nokon å snakke med om kveldane igjen. Flyreisen gjekk knirkefritt, men regnet møtte oss på Oahu, nedtur. Hotellet derimot er noko av det flottaste me har sett, med kjempegod og stor seng og Hawaiimønster (sjå bileter), Om kvelden åt me middag i restauranten på hotellet med livemusikk, og avslutta med å sjå film i sengi. Koselig!

Siste dagen i Hawaii var og den siste offisielle "solingsdagen". Me åt ein forferdelig hotellfrokost(berre søte muffinsar, kor er brødet og pålegget??) før me la oss ned på kvar si solseng. Det gjekk dessverre ikkje mange timane før plutselig regnet hølja ned. Me hadde heller ikkje noko hotellrom lenger sidan utsjekken var kl 12. So me gjorde som mangen andre, søkte tilflukt på starbucks eit par timar. Flyet vårt gjekk trossalt ikkje før kl 23. Etter mange laaange timar med venting tok me ein shuttlebuss til flyplassen. Me var no supergira på å komme oss til San Fransisco!

Desse bildene beskrive Eileen si veka på Maui:


Eileen sine einaste bilder fra Maui:





Desse bildene beskriver generelt siste veka på Hawaii:

Solbrent og heilt åleina på bussen for å handle mat til pasienten. Visste ikj noko om kor eg skulle gå av, eller når bussen gjekk tilbake, men det gjekk heldigvis heilt fint!


Vennen min (Marita) var lettare å føre ein samtale med han, ein ei Eileen som sovna mellom kvar setning!


Oppgitt og frustrert over forsikringsselskapet!


Sliten og lei mens ho venter på bussen!


Då er det godt ein av oss prøver so godt ho kan å halde motet oppe!


Nytt sjukehus og klar for innsetting av svamp!


Gratis pannekakefrokost på hostellet, den store var til Marita og den vetle var til Eileen uten matlyst


Ut å lufta pasienten


Avreise tilbake til Oahu etter at Eileen har blitt friskmeldt, og fyste gong nokon på starbucks fekk begge navna rett


Sova ut rusen av siste tabletten mens ho venta på flyet


Fine hotellrommet vårt <3


Beste senga i verden!


Lykkelige og glade for at me begge to var 100% friske og raske igjen!


litt for glade kanskje


Jadda


Utsikten frå balkongen om mårgonen, det såg ut til å bli ein fin dag med mykje sol

Det vart det ikkje....


Nåken kosa seg i regnet da

Oppladning til å fly til San Fransisco med ein runde antibiotika. 2 min etterpå vart navni våre ropt opp over høgtalaren og me trudde me hadde misforstått flyavreisetidspunktet. So me spratt opp begge to so øyredropane spruta rundt oss. Viste seg berre at me skulle få tildelt seteplassar... kos

 

 

 

 

Bildedryss - Waikiki


Kosa oss med mikromiddag




Paradis <3


Kinesarane fulgte etter oss heilt til Hawaii og dei, men er tydlegvis veldig redde for sola.




Hmm, kva har Eilao i veska si?? Vanlig å trøkka seg heilt oppi, når ho skal betala


Miss Hawaii, wohooo


Ut å fòra pasienten!


Hanauma Bay!


Ein kylling som ville ligga i fanget, men so ombestemte han seg


Glømte att Eilao på parkeringsplassen



So var formen stigande igjen når eg kom tilbake


Finn plaskeMarve


Litt forkjøla dao


Hula-show!


Fantastisk solnedgang


Alle som ville ta bilde av den fantastiske solnedgangen!

Waikiki - turistparadis

Hei bloggen :)

Då me våkna om morgonen i Sydney var Marita desverre dårlig. Migrene som vanlig. Difor unna me oss ein taxi til flyplassen istadenfor toget. Heldigvis steig formen ganske kjapt igjen. Me kom oss i gjennom sikkerhetskontrollen uten problem. Etter nesten 4 timar i lufta landa me på ei lita øy i stillehavet Nadi(Fiji). Her skulle me vente i 6 timar før me skulle ta eit nytt fly til Kiribati(også kalla Christmas Island). Etter eit par rastlause timar med mat og trakking i taxfreen kom me oss ombord i neste fly. Marita var desverre meget uheldig med sidekameraten sin. Ei sur dama, dobbelt so stor i størrelse og som klarte å prestere å sovne med vannglasset sitt i hånda og bløyte ut heile leggen og skoen hennar. Det vart ikkje mykje søvn på den flyturen desverre. Då me skulle lande på Kiribati fekk me beskjed om at me måtte ut av flyet for me skulle gjennom ein ny sikkerhetskontroll. Vel,  det dei kalla sikkerhetskontroll var å stua oss inne på eit venterom uten aircondition i 1 time, for å so nett opne passi våre når me gjekk forbi dei. Flyturen gjekk fort, og me vart begge to ganske gira då me såg Honolulu under oss.

So sto me der igjen, nytt land, ny valuta, nye ting å sette seg inn i. Dei største sedlane var plutselig 20 dollarar, og ikkje 50 dollarar, og i tillegg var den lågaste mynten 1 cent, istadenfor 5 cent som me var vande med i Australia(mykje småpeng). Me hadde heldigvis på forhånd undersøkt korleis buss me skulle ta inn mot sentrum. Etter litt surr kom me oss endeleg på ein stappfull buss. Det er eigentleg ikkje lov med bagasje med mindre ein kan ha det i fanget, men me var litt frekke og gjekk fort inn før bussjåføren egentlig rakk og sei noke. Me kapra kvar sitt sete og fekk mange stygge blikk av folk rundt oss. Welcome to America liksom! Etterkvart måtte me begge to stå på bussen etter å ha fått kjeft frå ei dame som måtte ha sitteplassen vår fordi ho hadde med seg ei veske med 3-4 undulatar inni.. jaja. Me hadde ingen aning om kor me skulle av, men fekk hjelp av ein lokal som viste oss og i tillegg anbefalte oss masse bra restaurantar.

Me bala litt med å finne hostellet me hadde booka sidan det ikkje var skilta uttafor? men me hadde heldigvis gateadressa so det ordna seg fort. Me vart positivt overraska over rommet vårt, me hadde eige bad, kjøleskap, frysar, aircondition, mikrobølgeovn og tv! Det e ikkje kår dag! Me reiste ut på jakt etter ein matvarebutikk, men me eingong me var ute i gatene gløymte me fort svolten. Det var so mykje fine butikkar og bodar og sjå i. Plutseleg var me tilbake til prutingen i bodane igjen! Me gjekk også til innkjøp av kår sitt par med Havaianas som er flipfloppar frå Hawaii. Fantastiske å gå i. Etter ein obligatorisk kaffipause på Starbucks fann me endeleg ein matvarebutikk og fekk kjøpt mikromaten vår, frokostblanding og mjålk(<3). Kvelden vart brukt til å gå langs Waikiki Beach og faktisk å ta oss ein joggetur. Det var faktisk ein artig måte å sjå hovudgata på, og me såg mange butikkar som me ville tilbake til dagen etterpå.. oops.

Dagen etterpå var me begge klare for ein dag med strandnyting. Turistar som me er har me sjølvsagt kjøpt oss hawaiiblomst i håret og hulakransar. Me fekk og oppleve at me er ikkje dei einaste som er turistar her. Las at Oahu har omtrent 100.000 besøkande i veka. Deriblant masse kinesarar! Dei er like merkelige som alltid, der dei sit påkledd på stranda med hettejakkar, graver seg ned og legg håndkle over ansiktet, har eigne kinesiske sightseiing bussar og brukar heile fortauet når dei går. Me som trudde dei ikkje reiste til Hawaii. Etter ein god og lang dusj og ein OK lasagne i mikroen var me klare for ein ny shoppingutflukt, målet for kvelden var å finne victorias secret, og gjett om me fann, og gjett om det var mykje fint, og gjett om me banna fordi det var so dyrt og me kjemme til å blakka oss i New York. Me vart også vitne til at dei hadde sperra av hovudgata for å ha ein parade til ære for miss Hawaii. Det var nesten som å sjå eit kongebryllup der dei kom køyrande sakte med bilen og folk kom springande ut for å ta bilder med ho.

Fredagen våkna Eileen opp med verk i kroppen og forkjølelse. Dette var selfølgelig dagen me skulle bytte frå dobbeltrom til 4 mannsrom. Men med ein behjelpelig resepsjon fekk me sjekka inn på neste rom med ein gang istadenfor å vente til kl 15. Eileen stupte i seng med ein gong, mens Marita prøvde seg på strandi. Ho fann fort ut at det ikkje gjekk pga solbrentheit. So då for ho å handla 14(!!) postkort og skreiv ferdig alle sammen og sendte heim. So det vart ein roleg dag for oss begge. Lørdagen hadde me booka oss ein Circle Island tour som skulle vise oss North Shore som er ein av tingene Hawaii er kjent for. Me sto og venta på bussen begge to med ein forferdelig forkjølelse, den eine verre enn den andre. Etter å ha våre innom eit par kjente plassar fann Eileen fort ut at ho orka ikkje meir. Guiden vår fekk tak i han som dreiv selskapet, so ho fekk gratis transport heim og ein skikkelig roadtrip langs Hawaii, då han også hadde eit par hangover venner han skulle plukke opp. Marita valgte å forsette turen. Der fekk ho sjå kvalar og snorkle med skilpadder(såg ingen skilpadder). Det var også eit par andre stopp for å ut å ta bilder, før høgdepunktet på turen var å stoppe på Dole Plantasjen og ete den berømte Dole Whippen. Som var ein slags ananas is/mousse/sorbet/frozenyoghurt! Eg skulle fort få merke at det var ikkje so lurt å forsette turen eg heller, då eg var tett som aldri før då eg kom tilbake. Eileen var ikkje blitt noko serlig bedre, so det passa dårlig å ha flytta inn på eit 4 mannsrom. Heldigvis budde me med to fantastiske snille jenter Miriam og Lena, frå Tyskland og Østerrike.

Søndagen hadde me nok ein rolig dag på stranda, for det var det Hawaii skulle handle om, avslapping. Me var heldigvis i ok form begge to. Om kvelden var me på eit gratis hulahula show. Det var kjempeartigt å sjå og få oppleve litt av kulturen deira. Denne kvelden måtte me også pakke, fordi me skulle reise til naboøya Maui kl 11 dagen etterpå

To Be Continued

Fallskjermhopp!

Etter å ha tenkt på å hoppa i fallskjerm gjennom heile Australia tok me endelig motet til oss i Sydney, sjølv om me visste dei heime ikkje likte det. Unnskyld! Men det var SO VERDT DA!! Tidleg om morgonen sette me oss i bussen saman med mange andre nervøse skjeler. Her måtte me signere massevis av papir. Bussturen tok ca ein time og da var me eit stykke uttafor Sydney. Det fyste som møter oss er synet av eit helikopter. I Sydney er einaste plassen i Australia der ein kan hoppe frå eit helikopter! Her kom også sitat me har ledd av mykje i ettertid:
Marita: Sjå Eileen, me skal opp i det helikopteret etterpå!!
Eileen: Ja, men me skal faen meg hoppa utatt av det og!!


Då me kom fram var det enno meir som måtte signerast og so vart me delt opp i grupper på 3 og 3 som skulle hoppe på likt. Heldigvis kom me i samme gruppe! Me var i gruppe nr 5 av totalt 10 grupper. Det var heilt sinnsjukt å sjå dei fyste som hoppa som kom i 250 km/t mot bakken. Då kjente me begge to godt på adrenalinet og nervøsiteten. Etter det som føltes ut som fleire tiiiimar med venting var det endeleg vår tur. Me hadde fått på oss godt med sikkerhetsutstyr og no var det ingen veg tilbake(eller jo ein veg, å hoppe utatt av helikopteret!). Me pressa oss inn i eit lite helikopter. Turen skulle ta ca 10 min og ein skulle få sjå fantastisk utsikt over Sydney, som om me klarte å tenke på det da. Ho me hoppa saman med byrja å hyle allerede då me letta frå bakken. Bra tegn. Ho var også fyste mann ut. Å sitte heilt på kanten i eit helikopter og sjå nokon andre hoppar og vete du er nestemann var rett og slett heilt jævligt om ein kan sei da mildt(Unnskyld språkbruken, mamma!). Det var nok verst for Eileen som måtte sjå at Marita hoppa ut sidan Eileen var sist. Men følelsen av å vere 60 sekundar i fritt fall i 250 km/t kan rett og slett ikkje beskrivas med ord. For det fyste høyre ein berre susing, for det andre; opnar du munnen blir du turr heilt ned i magesekken! Det var over på noko som føltes ut som 5 sekundar. Då slo fallskjermen ut og me dala ned mot bakken. Me fekk også lov til å styre fallskjermen og svinge slik som me vil. Heilt fantastisk følelse! Begge to var heldigvis heldige med landingane sine. På bakken var me sinnsjukt gira, begge to hadde vel egentlig berre lyst oppatt ein gang til, men no var det godt å ha kryssa dette av på lista!

 





































Bildedryss - Sydney

Gjensynsglede del 1


Gjensynsglede del 2


Flokken <3


Darling Harbour


Redd for hai del 1

Redd for hai del 2


Søta


Fine tenne!


-_-

Flokken på tur!



"Eileen, me må ta eit bilde til bloggen og!!"


Siste dagen med bilen, måtte vaska han og gjere han fin.


Siste bilde av oss 3, men me ha søren meg tilbringt 3 veke og 3 daga sammen og køyrt 2500 km frå Cairns til Sydney, ikkje dårlig ;)


Viktigt å matcha kjæresten sin


Bondi Beach (Hei Mathias)


Me fann påskeegg i lilla kartong og dei var faktisk lika gode som i Norge, so me gjekk ikkje glipp av noko!!!!


Me fekk frozen yoghurt hekta!


Gjekk forbi ein bar og såg tilfeldigvis dette skiltet som var vår neste destinasjon


Darling Harbour by night!


Blide og fornøgde jenter, gira på Hawaii



Me reiste på kino og såg den beste filmen me har sett på lenge (21 and over)

Neglebehandling på backpackermåten(gratis)


Me fann neste Justin Bieber i Manly! Sto der med gåsehud til 1000


Eit perfekt siste måltid i Sydney som avslutning på ein heilt fantastisk måned i Australia!


Me prøvde oss på tørka krokodille og kengerukjøtt.. ingen suksess....

Bildedryss - Palm Beach (home and away stranda)


Eileen på benken!





Marilyn på innspeling!



Summer Bay <3


Å so sjalu


Sjå der ja!


Alf og Bianca




Hardt å vera på tur!



Me var dei 2 einaste som klarte å snike oss til bilde!



 

Bildedryss Emerald Beach (advarsel: Kengeruoverload)

Heimelaga middag (lasagne i mikroen, hehe)


Det fyste synet som møtte oss når me skulle sjekka inn, han her som låg å chilla utanfor resepsjonen


Litt trøtt, klar for kengerusafari kl 6 om mårgonen heilt åleine! (Eileen sov....)


Finaste soloppgangen ever!


Kengeru med little joey i magen <3 <3


Fantastiske Emerald Beach


På utflukt i Moone Beach Reservatet!


Kengeruar som bada i havet (ops, skremte dei visst)


Ein liten luring i skogen!



Litt skeptisk!

FOR eit PARADIS!



Litt mindre skeptisk






YOLO



Eileen låste meg ute av bilen sammen med kengeruane


Nutella kveldsmat i bilen!

Bildedryss Australia Zoo, Brisbane, Surfers Paradise og Byron Bay

Dyrelivet møtte oss allerede utanfor parken! Ein av mange ville øgler som snyltar på maten i parken!

Me fekk komma heilt innpå kengeruane

Kona og sonen til Steve Irwin! (Dei som står med ryggen til)

Følge i fotspori til faren?

Krokodilleshow! Saltvannskrokodillar kam bevega seg under vatn uten at ein ser bevegelsar i vassflata. Skummelt!

Sogningar på tur! Møtte Andrea fra sogndal. Kosligt :)

På sjokoladecafe i Brisbane med Kristin frå Aurland og Andrea

Ein av mange middagslagingar på campkjøkkenet

Possum med baby <3

Vanskelig å holda budsjett med maaange klesoutlets!

Fantastiske Surfers Paradise

Surfers Paradise sett frå campingen vår

Kontrast frå skyskraparane i surfers til butikkane i Byron

Matmarked ein tidleg søndagsmorgon

Oss framfor Cape Byron

Stranda i Byrom Bay

Va detta eit skikkelig roadtrain, pappa??

Eit lite besøk på Koala Care Center

Les mer i arkivet » Mai 2013 » April 2013 » Mars 2013
Eileen og Marita

Eileen og Marita

20, Lærdal

Me er to jenter på 19 år som skal reise jorda rundt! Me skal reise i 3 månadar. Reisa startar 2. februar og me landar på norsk jord igjen 2.mai. Plassane me skal besøke er Kina, Thailand, Australia, Hawaii, San Fransisco og New York. Me gledar oss heilt sinnsjukt og håpar du vil følge oss på denne reisa! :) Følg oss gjerne på instagram @maritavindedal og @eileendale !

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits {\rtf1\ansi\ansicpg1252 {\fonttbl\f0\fnil\fcharset0 ArialMT;} {\colortbl;\red255\green255\blue255;\red51\green51\blue51;\red255\green255\blue255;} \deftab720 \pard\pardeftab720\sl360\partightenfactor0 \f0\fs26 \cf2 \cb3 \expnd0\expndtw0\kerning0 \outl0\strokewidth0 \strokec2 }